…. har det ikkje skjedd så veldig mykje!
Me kosar oss i den varmaste tida på året,- med ca 30 grader og turar til bassenget på ettermiddagen. Siste helga var det til og med bursdagsfest ved bassenget for ein veldig sprek 40-åring! Kjekt
På kveldane blir det fortsatt kaldt, så når det blir mørkt, er det berre å ta på seg langbukse og tynn genser. Nairobi er kald! Men me gløymer det fort når me kan eta frokost ute på terrassen f.eks
Jentene har hatt veldig lyst på å fletta håret sitt i rastafletter, og eg lovte dei det. Derfor kom det 3 flotte damer ein søndag like før jul for å fletta her i hagen hos oss.

I starten var det kjekt
Men etter kvart som det lugga når dei fletta i nakken, og tida gjekk og gjekk og gjekk og gjekk, blei flettinga mindre og mindre stas. Jentene var likevel flinke til å holda motet oppe ![]()

Damene brukte 5 timar på å fletta yngstejenta og 6 timar på eldstejenta……… Det hjalp å ha gode venninner på besøk som ville halda dei med selskap! Dei rakk også å spela DS og sjå ein film ![]()
Resultatet blei stilig!

I midten av januar hadde elsdtejenta fått nok… Då hadde fleira av flettene sklidd ut. Snille nabojenta og venninna hennas, kom og hjalp oss med å åpna flettene igjen! Thank you!

Me brukta nokre timar på det og… men fant fort ut at det gjekk lettare når me brukte gaffel.
Endelig ferdig!!! Jenta var letta og glad ![]()

Så kom den like vanskelige jobben med å greia ut floker og vaska håret….
Trur det blir ei stund til neste gong dei vil fletta håret sitt

Skikkelig fancy hårmanke,både eg og morfar likte den og det goda smilet
Klem t dåkke.mormor
Hehe.. Skikkelig manke ja. Stand-in i Løvenes konge? Eller.. tja..