NCS (Norwegian Community School) = Den Norske Skolen i Kenya.
På NCS skjer det mykje gøy også utanom skuletida! Eit av høgdepunkta er NCS-talenter. Ungane har snakka om det og forberedt seg sidan august ![]()
Fredag 20.januar var den store dagen! Alle – både store og små – var oppfordra til å melda seg på med sine talent. Nokre var med i fleire innslag til og med.

TEFT-gjengen (10 flotte norske ungdommar) hadde laga feiande flotte rammer – med pauseinnslag i form av sketsjar, stilig pynting, videointervju og kostymer på programledara og dommarar! Kult, folkens! Bra jobba!
Damene på jobben = the Chicks, kunne jo heller ikkje la denne muligheten gå frå oss. Me planla ikkje like lenge som ungane… Men på ei veke fekk me mentoring av Rita og inspirasjon til dans. Me hadde ein humoristisk shoppingdag på eit indisk kjøpesenter i byen. Me sydde kostymer. Me laga dans. Me øvde inn danserutine dei to siste timane før framføring
Heile tida med MYKJE lått og løye!
Du har kanksje gjetta det… Me stilte med bollywood-dans!!! Som THE INDIAN CHICKS!
Ein får ikkje meir moro enn ein lagar sjølv, heiter det
Sjølve kvelden kosa me oss med dei talentfulle ungane
Jammen er dei flinke på NCS!

Hahaha tøysejente,veldig kjekt når de voksne “leke” …