Tidlig i høst la eg ut detta fine bildet av hagen og terrassen vår.

Like før jul blei det bygd ny kibanda hos oss, og no er det enno kjekkare å vera ute i hagen og på terrassen.

Eit større bord har også komt på plass, så no har me gooood plass til mange gjester! Karibu!(Velkommen)

Floraen i Afrika er spesielt vakker og me har ein flink hagegutt som jobbar hos oss ein gong i veka med å stella hagen vår.
Her er eit bilderas av dei mange fine blomstrane me har. Kan ikkje navnet på alle…

Stilig tre med nydelige blomster.

Bougainvillea, ein av dei mest vanlige og mest fargerike blomstene som me har som busk i hagen vår.

Her like også apekattane å klatra… Da e ikkje fullt så kjekt… Men dei har ikkje plaga oss nevneverdig så då må me vera glade. Elles har me for første gong fått frukt på banantreet vårt. Bilde kjem seinare.






Ser flott ut!!
Her er det snø, men sol
Kos dere rundt langbordet, så snakkes vi plutselig!
Fekk mykje god mat servert på Kibandaen,ja.og det var rein nytelse med alle plantene og blomstrene rundt i hagen. You lucky familiy.Gla i dåke<3
Nydelig. Gledemeg maks te å komma på besøk der! Enjoy konferanse!