Leirskule juni 2013

I juni 2013 reiste heile NCS på leirskule til Mombasa 🙂 Det blei ei fantastisk flott veke!

Me budde i eit hytte-kompleks nesten heilt nede på stranda, litt sør for Diani Beach.

Image

I juni er det «vinter» i Kenya, men me var heldige og fekk berre nokre få dagar med regn 😉 Stranda var langgrunn og hadde deilig, mjuk sand og det kom mange bølger inn til der me bada.

Me tok utflukter dei fleste dagane. Ein dag besøkte me Kaya Kinondo, ein heilag skog for ein av dei gamle afrikanske religionane.

Image

Skogen har fleire hundre år gamle tre, og nokre ildsjeler bruker mykje tid på å bevara den flotte skogen. Me kunne også sjå korallar på bakken, fordi det for lang tid tilbake var sjøbotn her.

IMG_2167

Ein annan dag reiste me inn til Mombasa by. Då tok me ferja over frå sørsida. Først fekk me omvisning på Fort Jesus. Deretter gjekk me ein runde i gamlebyen. Kjempespennande opplevelsar.

IMG_2210

Enno ein annan dag besøkte me ein barneskule i landsbyen Msambweni. Det var utrulig kjekt å få møta dei blide og imøtekommande ungane 🙂

IMG_2270

Me fekk vera med på leikane deira.

IMG_2274

Etterpå såg me på prosessen det er å laga cashewnøtter.

IMG_2280

Ein lang prosess, med godt resultat 🙂

IMG_2284

Me hadde også ein dag på eit fint hotell der me bada i eit langt basseng med mange sklier! Her var det også mange som prøvde vindsurfing.

IMG_2358
Om kveldane hadde me koselege samlingar, og alle var einige om at det var ein flott og opplevelsesrik tur! Ein fin måte og avslutta skuleåret på!

2 kommentarer om “Leirskule juni 2013

Legg igjen en kommentar