Tilbake i Afrika – Back in Africa

English translation at the bottom.

No har me vore tilbake i Kenya i over to månader 🙂 Det er fantastisk kjekt å vera her igjen! På mange måtar kjennes det som å komma heim…. Det er mange kjente fjes, både norske og nasjonale! Smil og helsingar møter me over alt. ”Karibo tena!” – velkommen tilbake!

Sjølvsagt kjenner me også på sakn av familie, venner og klassekameratar i Norge. Dei lyse kveldane er berre gode minner akkurat no, og ingen hauststorm er i møte. Derimot går det mot varmare tider i Kenya. Det har vore kjølig i tida etter me kom, spesielt om kveldane og dei dagane som sola ikkje klarar å trenga seg gjennom skyene. Desto deiligare er det når solstrålene fløymer frå himmelen, for då blir det god norsk sommarvarme også her, sjølv om det er den kalde tida. Me har allereie blitt solbrente alle fem, i tur og orden…. Afrikanarane ventar på regn, det er tørt mange stader no. På Afrikas horn minkar det stadig på mat på grunn av tørke. Me er heldige som har alt me treng, til og med overflod av alt.

Trafikk Kenya

På afrikansk vis..

Les videre

Leirskule juni 2013

I juni 2013 reiste heile NCS på leirskule til Mombasa 🙂 Det blei ei fantastisk flott veke!

Me budde i eit hytte-kompleks nesten heilt nede på stranda, litt sør for Diani Beach.

Image

I juni er det «vinter» i Kenya, men me var heldige og fekk berre nokre få dagar med regn 😉 Stranda var langgrunn og hadde deilig, mjuk sand og det kom mange bølger inn til der me bada.

Les videre

Fotballturnering

Elevane på NCS var i dag invitert til fotballturnering på den japanske skulen!
Det var stor stas!
Me kunne både stilla lag og i tillegg vera mannsterke i heiagjengen!

20121124-234206.jpg

Innsatsen blant fotballspelarane var stor 🙂 Det virka som dei kosa seg ! I tillegg vant dei 1 kamp og spelte 2 uavgjort av dei fire kampane dei spelte 🙂

20121124-234414.jpg

Me som var for store og for små til å spela kosa oss med lunsj og leik i klatrestativa i mellom kampane.
Ein kjekk dag! Og ein deilig dag med fint vær! Den japanske skulen ligg så nære at eg kunne sykla dit, noko som var eit stort pluss 🙂

Fortsatt god helg til alle!!

20121124-234738.jpg

Noas Ark

Dei e produktive på skulen og samtidig som forberedelser til de tre bukkene Bruse; føregjekk det også intense øvelser til ei stor forestilling med alle elevane; Noas Ark i Ivar Skippervolds versjon. Lærerstudentane sette igong med øvingar like etter høstferien, og berre ei veke etterpå hadde dei knallflott show på senteret! Kostymene var på plass, songane satt som eit skudd, kulissene var malt og hengt opp, solistane var klare, og bibelversa øvd på! Det var utrulig stort å få vera publikum på ei slik flott forestilling!!! Tusen takk til arrangører og skuespelarar 🙂

 

Mange flotte solister; blant anna desse:

  

 

Publikum var begeistra og fulgte godt med! Ikkje noko skulle få forstyrra den fine framføringa!

 

The three Billy Goats Gruff

6.klasse på NCS har hatt skuespel som tema i engelsktimane. Etter ei veke med intens øving var det klart for framføring!

Alle tilskuarane kosa seg, for desse elevane (med litt hjelp av studenter og lærere for å dekka opp alle rollene…) var knallflinke! Dei snakka godt engelsk og dei hadde det morsomt på scenen. Ikkje minst var kostymene godt gjennomtenkt, og her var det vakraste trollet eg nokon gong har sett 😉

Fortelleren:

 

De tre bukkene Bruse:

 

Trollet: