Ut på tur igjen

Det er på tide å dele nyhetene våre: me skal reisa ut til Kenya igjen 🙂

(English translation at the bottom of the post.)

IMG_2686

Me fekk jobbtilbud frå august 2014 og etter mange rundar og tankar og bønn,  valgte me å takka ja! Denne gongen er det 3 år som er ramma, det vil sei at me kjem tilbake i 2017.

Følelsane er mange: GLEDE over å komme tilbake til kjente ting og gode venner ute, SORG over å skulle bryta opp på nytt frå alt me trives så godt med her i Norge, TAKKNEMLIGHET over å få sjansen til oppleva Afrika igjen, SPENNING for om ting kjem til å vera forandra ute når me kjem dit, og for kor mykje som er forandra når me kjem tilbake i 2017.

 

Endringar me veit om:

–       Me skal bu i hus 8 (eit av nabohusa til der me budde sist).

–       Rafiki-ungdommen vår skal begynna på amerikansk skule (ungdomsskule).

–       Rafiki-gutten og Rafiki-jenta skal gå på NCS (den norske skulen).

 

Saker som har ordna seg allerede:

–       Rafikimama har fått permisjon frå jobben i Norge.

–       Me har fått leigebuar til huset vårt her.

–       Fleire av dei som budde i Kenya det siste året vårt, er der enno.

–       Oppholdstillatelsen vår i Kenya er i orden 🙂

 

Takkeemner:

  • for alt som har ordna seg
  • for at me trives både i Norge og i Kenya
  • for at me får vera med i arbeidet i Øst-Afrika

 

Be om at:

  • me kjem oss gjennom avskjedane
  • resten av forberedelsane går greit
  • tida me har igjen i Norge blir god
  • overgangen tilbake går greit
  • Rafiki-ungdommen får ein god start på skuleåret

 

Utreisedatoen er satt til 28.juli. Då reiser me frå Gardermoen via London til Nairobi.
Stay blessed 🙂

English
We are traveling again! Back to Nairobi, Kenya once more, – this time for 3 years. There are a lot of feelings in this; JOY, SADNESS, GRATITUDE and EXCITEMENT to mention a few. We are leaving at the end of July this summer!

Many concerns have already solved themselves; for example tenants for our house in Norway, school for our oldest daughter in Kenya, residence and work permit in Kenya is ready, Rafikimama got leave from my work in Norway.

Pray for and with us that the time we have left in Norway will be peaceful, that we get to say all our goodbyes in a good way and that the transition from Norway to Kenya will be smooth 🙂

Stay blessed!

Avskjed

Avskjedar er vanskelege…

Det blei mange triste avskjedsstunder midt på tomta i juni og juli. Fleire familiar pakka sammen og flytta heim til Norge. Likevel fint å få gitt ein siste klem, og vinka farvel når bilane kjørte fullasta av folk og bagasje til flyplassen for siste gong.

IMG_2374

Det var også tungt å gå siste runden hos arbeidarane og vennane våre på tomta. Som for eksempel siste gongen me såg hushjelpa vår som blei ein viktig del av familien vår dei to åra me budde i Nairobi. Flinke, snille, effektive hushjelpen vår!

IMG_2933

Me smiler på utsida, men inni er me triste.. Får me nokon gong sjå kvarandre igjen? Avskjeder er ein stor del av det å reisa ut.

Sommarferie 2013 – del 1

Sommaren 2013  gjekk opphaldet vårt mot slutten, og me kunne sjå tilbake på 2 fantastiske år! Me måtte derfor bruka tid på pakking.. Sidan heimreisa var satt til siste veka i juli, fekk me også tid til å reisa rundt i Øst-Afrika og oppleva nokre fleire ting og stader før me sett kursen heim til Norge for ein lengre periode.

Den første turen gjekk til Bangale sammen med gode venner. Bangale er ein landsby aust for Nairobi der det er ulike prosjekt under oppbygging. Me brukte 4-5 timar på å kjøra dit, og langs veien handla med fersk og god frukt.

IMG_2411

Me såg også fleire dyr langs veien… Og bilar og bussar med ulik last, – i ekte afrikansk stil!

IMG_2433 IMG_2418

Les videre