Tilbake i Afrika – Back in Africa

English translation at the bottom.

No har me vore tilbake i Kenya i over to månader 🙂 Det er fantastisk kjekt å vera her igjen! På mange måtar kjennes det som å komma heim…. Det er mange kjente fjes, både norske og nasjonale! Smil og helsingar møter me over alt. ”Karibo tena!” – velkommen tilbake!

Sjølvsagt kjenner me også på sakn av familie, venner og klassekameratar i Norge. Dei lyse kveldane er berre gode minner akkurat no, og ingen hauststorm er i møte. Derimot går det mot varmare tider i Kenya. Det har vore kjølig i tida etter me kom, spesielt om kveldane og dei dagane som sola ikkje klarar å trenga seg gjennom skyene. Desto deiligare er det når solstrålene fløymer frå himmelen, for då blir det god norsk sommarvarme også her, sjølv om det er den kalde tida. Me har allereie blitt solbrente alle fem, i tur og orden…. Afrikanarane ventar på regn, det er tørt mange stader no. På Afrikas horn minkar det stadig på mat på grunn av tørke. Me er heldige som har alt me treng, til og med overflod av alt.

Trafikk Kenya

På afrikansk vis..

Les videre

Avskjed

Avskjedar er vanskelege…

Det blei mange triste avskjedsstunder midt på tomta i juni og juli. Fleire familiar pakka sammen og flytta heim til Norge. Likevel fint å få gitt ein siste klem, og vinka farvel når bilane kjørte fullasta av folk og bagasje til flyplassen for siste gong.

IMG_2374

Det var også tungt å gå siste runden hos arbeidarane og vennane våre på tomta. Som for eksempel siste gongen me såg hushjelpa vår som blei ein viktig del av familien vår dei to åra me budde i Nairobi. Flinke, snille, effektive hushjelpen vår!

IMG_2933

Me smiler på utsida, men inni er me triste.. Får me nokon gong sjå kvarandre igjen? Avskjeder er ein stor del av det å reisa ut.

Livet på tomta

Livet på tomta i Nairobi er fantastisk!!

20130309-155734.jpg

Det er vemodig å tenke på at det går mot slutten av opphaldet vårt her. 2 år går utruleg fort! Me er glade og takknemlige for alt me har fått oppleva og for alle folka me har blitt kjent med 🙂

Me tenkte ei stund på om me skulle søke om å få vera her lenger, men etter bønn, samtaler og tenking har me bestemt oss for å reisa heim i sommar slik kontrakten vår er. Det er godt å ha tatt avgjørelsen, og me gler oss til å komma heim til Norge 🙂 Kanskje vil det bli mulighet for å reisa tilbake om nokre år? Det drømmer me om.

Før me landar på Gardermoen ca 28.juli, skal me altså nyta tida me er her til fulle! Det er godt for oss som familie, og for vårt åndelige liv å vera her! – Sjølv om Afrika og Kenya generelt gir oss nokre utfordringar av og til… Idag blei Uhuru Kenyatta utropt til ny president etter valget sist mandag. Dei har brukt ei veke på å telle stemmer,
12 millioner stemmer! Og mange har vore redd for at valguroa som var ved forrige valg 2007/2008, skulle gjenta seg. Det har vore stille og fredeleg denne gongen, nesten litt for stille nokre gonger.. Motkandidaten Railia Odinga har ikkje godkjent resultatet enno, men manar til ro for sine tilhengarar til han får tatt dette opp i høgsterett. Det er ei stor endring frå sist gong, då begge presidentkandidatene tok saka i eigne hender og mange ikkje stolte på høgsterett.

Det er ikkje lett å forstå korleis kenyarane kan velga ein president og visepresident som er tiltalt i den internasjonale menneskerettighetsdomstolen. Det er likevel tydeleg at dette ikkje er eit valg på kven som kan styra landet best, men eit valg på kven som høyrer til kva stamme. Ikkje heilt slik me ville tenkt kanskje.

Mens dei har telt opp stemmer, har livet gått som nesten normalt her på tomta. Me har hatt skule, møter og aktiviteter som vanleg, men me har vore minst mulig utanfor tomta. For sikkerhets skuld. Igår kveld kom høgdepunktet: NCS-talenter 🙂 TeFT-gruppa (10 ungdommar på 5-mnd-opphald) arrangerte, og me andre deltok! Heile rafiki-familien var med i ulike innslag. Artig 🙂 Rafikiminsten kom på andre plass, og var dermed den flinkare i vår familie:-)

20130309-155548.jpg
(Illustrasjonsfoto)

Høgdepunktet – i alle fall for meg- var A-HA som sang Take on me Live!!!!

20130309-155705.jpg

No gler me oss til besøk i tida framover! Rafikibaba sin storebror kjem med sin nygifte fru om ei vekes tid. Og etter påske kjem foreldra og tante mi i fleire veker! Me gler oss!!!!

Idag har me vore på dugnad ved bassenget. Trestolane er pussa og lakka, og mannfolka bygger ein innretning som skal varma opp vatnet i bassenget litt ved hjelp av sola!
No er det for å nyta bassenglivet littegrann før sola går ned om ca 3 timar!

The three Billy Goats Gruff

6.klasse på NCS har hatt skuespel som tema i engelsktimane. Etter ei veke med intens øving var det klart for framføring!

Alle tilskuarane kosa seg, for desse elevane (med litt hjelp av studenter og lærere for å dekka opp alle rollene…) var knallflinke! Dei snakka godt engelsk og dei hadde det morsomt på scenen. Ikkje minst var kostymene godt gjennomtenkt, og her var det vakraste trollet eg nokon gong har sett 😉

Fortelleren:

 

De tre bukkene Bruse:

 

Trollet: