Tilbake i Afrika – Back in Africa

English translation at the bottom.

No har me vore tilbake i Kenya i over to månader 🙂 Det er fantastisk kjekt å vera her igjen! På mange måtar kjennes det som å komma heim…. Det er mange kjente fjes, både norske og nasjonale! Smil og helsingar møter me over alt. ”Karibo tena!” – velkommen tilbake!

Sjølvsagt kjenner me også på sakn av familie, venner og klassekameratar i Norge. Dei lyse kveldane er berre gode minner akkurat no, og ingen hauststorm er i møte. Derimot går det mot varmare tider i Kenya. Det har vore kjølig i tida etter me kom, spesielt om kveldane og dei dagane som sola ikkje klarar å trenga seg gjennom skyene. Desto deiligare er det når solstrålene fløymer frå himmelen, for då blir det god norsk sommarvarme også her, sjølv om det er den kalde tida. Me har allereie blitt solbrente alle fem, i tur og orden…. Afrikanarane ventar på regn, det er tørt mange stader no. På Afrikas horn minkar det stadig på mat på grunn av tørke. Me er heldige som har alt me treng, til og med overflod av alt.

Trafikk Kenya

På afrikansk vis..

Den første veka vår gjekk med til å pakke ut av koffertane, finne fram dei få kassane og tønnene me hadde satt på lageret her og handle inn det som mangla utanom det. Ungane var raskt inne i livet på tomta igjen. Minstegutten har vore ute og leika nesten konstant. Til vår store glede var det andre barn på alle våre ungar sin alder. Velsignelse. Dessuten var det stor stas å bli 7 år i august.

Det tok ikkje lang tid før det var klart for skulestart og første dag på jobb for oss vaksne. Det var godt å komme i gong. For Rafikimama er det stort sett kjente ting. Dei fleste elevane er ikkje dei same, men mange av kollegane er det, og romma og systema og bøkene er velkjente. På den norske skulen har me mellom anna hatt bli-kjent-dag, stasjonsundervisning, uteskule og innsamling til TV-aksjonen. Det kan du lese meir om på dnskenya.no.

For Rafikibaba er også mykje kjent. Samtidig er det mykje å setta seg inn i sidan han har fått eit større ansvarsområde enn sist gong. Det har blitt mykje reising for å sjå til stadane og folka han koordinerer, eller for å vera på ulike møter. I løpet av 8 veker har han vore i 5 afrikanske land og har nok vore meir på reise enn han har vore heime. Opplevingane står i kø 🙂 I tida framover blir det – heldigvis for familien – ikkje fullt så mykje reising.

Bli-kjent-tur til Sagana

Vår Kenya-girl som er den midterste av ungane våre, stortrives på mellomtrinnet. Dei er ein flott gjeng på 11 elevar og det er mykje leik og kjekke ting å gjera i lag. Utfordringane står i kø, og ho taklar dei på strak arm! Kickboksing, 14-gangen og gitarspeling!

Eldstejenta Rafikisnuppa, er godt i gong på den amerikanske skulen. Det er lange dagar på skulen, og mykje lekser på ettermiddagen. Samtidig er det også mange nye venner og god input.

Rsnuppa bratsj

Spiller bratsj (viola) i skoleorkesteret

Me er takknemlige for alle som huskar på oss! Me ønskjer alle lesarar ein god haust!!!

English

We have been back in Kenya over two months now. It is amazing to be here again. In many ways it feels like coming home… Lots of familiar faces; Norwegian, Australian and national. We meet smiles and greetings everywhere! Of course we also miss family, friends and classmates in Norway. There is not autumn in Kenya; we are heading for a warmer season. It has been cold after we came, but it feels the better when the sun finally shows. The Africans are waiting for rain; many places are dry now, which also mean that they may lack food. We are lucky to have all we need and even more.

The first week we unpacked our suitcases and things we had stored. Our youngest boy has been out playing almost always, there are lots of other children here. Blessings. In addition he was proud and happy to be 7 in August. School and work started quickly. It felt good to be in action. The tasks are well known for Rafikimama. Some things are also familiar for Rafikibaba. He has other tasks then last time and has been traveling a lot to see places and meet people. In 8 weeks, he has been to 5 African countries. New experiences are waiting all the time.

Our middle daughter, Kenya-girl, is happy to be in 5th grade. She has started kickboxing and plays very much with the other children. The oldest daughter is doing great at the American school. The school days are long and she has a lot of homework though. At the same time she has got new friends and bunches of good input.

We are thankful for all of you that think of us! We wish all readers a good autumn!

 

Legg igjen en kommentar