Advent

English translation at the bottom.

IMG_5818

Sjølv om det kan hende det er vanskelig for nokre å få julestemning i Afrika, gjer vi i alle fall så godt vi kan. Adventsstjerna heng i vinduet, vi baker julekakemenn og vi syng julesongar. Når mørket kjem rundt 7 om kvelden, kan det nesten vere som vi er heime..

Les videre

Jul i Afrika

Me storkosar oss med julefeiring i Afrika!

Jul Familiebilde

No er det andre jula me feirer her, og me kjenner at dette godt kan bli ein vane 🙂 Sjølv om ikkje været heilt kan samanliknast med det norske juleværet, så er det mange andre ting som er forholdsvis like.
For eksempel har me juletre (med blanke, stilleståande lys denne gongen…), juleduk, julestjerne, adventsstjerne, julemusikk, pinnekjøtt frå Norge og maaaaange julelys.

Julafta begynte med roleg frokost, fortsatte med øving for barna til julegudstjenesten, og mens me voksne øvte på korsongane våre, såg ungane «Tre nøtter til Askepott» på storskjerm! Etterpå åt me julegraut med mandel, – ute i kibandaen 🙂 Endeleg var tida komt for julegudstjensta. Alle ungane var med og deltok. Rafiki-S delte ut program for dagen sammen med rafikibaba, Rafiki-M spelte blokkfløyte i orkesteret, og Rafiki-minsten var utkledd som Josef og deltok i julespelet som han sjølv uttrykte det. Stolte var dei alle tre 🙂 Det blei ei flott opning med «Det kimer nå til julefest» med skuespelarar, orkester og mange flinke solistar. Rafiki-minsten stod også sammen med venninnna si på 3 år på scena, og med høg, klår stemme song dei kvar sin solo på «Jeg er så glad hver julekveld».
Det blei ei skikkelig høgtidsstund og ei flott innleiing på julefeiringa!

Me har ikkje besøk denne jula, men kosa oss likevel! Rafikibaba hadde full kontroll på julemiddagen, og alle ungane var med og laga klart! Rafikimama var (sjølutnevnt) hovedansvarlig for pynting og å dekke bordet 🙂 Viktig jobb!

Rafikiminsten merka nok veldig på forventinga og spenninga, så mykje at det var vanskeleg å sitta i ro, slik det pleier å vera for ein 5-åring på julafta 🙂 Men før me pakka opp gavene, var det tid for juletregong! Og med ungar som er så flinke til å synga, var det ei fryd! Rafiki-S syntest me skulle vore fleire til å gå rundt treet, for ho blei litt strekt i armane 🙂 Me sparka i alle pakkane som seg hør og bør, og me song oss gjennom ca 4 songar før me ga oss.

Sjølve pakkeutdelinga var like spennande som kvart år 🙂 Rafiki-minsten henta pakkar, og storesøstrene leste på lappane. Det var mykje glede å sjå etterkvart som pakkane sitt innhald kom fram 🙂

Noko av det kjekkaste når alle pakkane er opne, er å leika med dei nye tinga 🙂 Mens ungane gjorde det, gjorde me voksne klart til julekaffe ute i hagen. Ein etter ein dukka det opp folk frå tomta som hadde feira jul i huset sitt og som no kom sammen for å drøsa og eta julekaker. Koselig tiltak! Me blir som ein stor familie me som bur her ute sammen. Og ekstra kjekt er det når me ikkje har besøk frå Norge , å vita at me også har «familie» her!

Julafta er det slik i vår heim at ungane får lov til å vera vakne så lenge dei vil… Eg har angra mange gonger på at me begynte med det 🙂 Men det er stor stas for dei! Rafiki-minsten holdt ut til over midnatt, og på eit tidspunkt skulle han berre «kvile litt» på golvet,- og då var det gjort 🙂 Han sovna godt! Jentene holdt ut like lenge som oss foreldra, og dei la seg vel mest fordi me skulle legga oss, – ikkje fordi dei sjølv var klar for det. Men dei sovna nok fort når dei kom i seng likevel 🙂

1.juledagsfrokost er også spesiell hos oss! Rafikibaba er flink å ordna til , og me hadde både røykelaks, spekeskinke og kokte egg til frokokst. Sidan været var godt, satt me ute 🙂 Med juleduk og raude lys og i finstasen blei det ekstra koselig, enno om me ikkje var dei første på tomta som spiste frokost 😉
1.juledag baud også på finsk julemiddag hos naboen, – veldig god mat, og godt selskap! Me avslutta kvelden med Bananagrams. Har du ikkje prøvd det spelet, bør du prøve det! Kjempegøy!

Elles har me både hatt besøk og vore på besøk hos dei næraste naboane dei andre dagane! Ungane leiker på heime og ute, og me har rolege dagar.

Me er takknemlige for at me har det så bra! Takknemlige for at me har fått feira jul enno ein gong! Tenk at Gud ville bli menneske for å gi oss den største gåva: evig liv! Det er me glad for!

Her kjem eit bilderas 🙂 Fortsatt god julefeiring til alle!

1.desember

Juleforberedelsane er i gong for fullt også i Nairobi! Igår og idag er det juleverkstad på skulen. Rafikibaba og 2 andre lagar graut med mandel i til lunsj 🙂

Igår kveld pynta me stova med lys og julekrybber! Når lysa skin i mørkret og det kjennes kjøligare ute fordi det er kveld, kjem det litt julestemning krypande = deilig!

20121201-084934.jpg

Elles øver me til julespel 13.desember! Og i morgon er det første-søndag-i-advents-gudstjeneste på tomta. Me kosar oss!

God førjulstid til alle!

17.mai-feiring

Me hadde ei flott 17.mai-feiring! Etter maaaaange dagar med mykje regn, kom det endeleg ein dag med strålande sol, – og tenk så kjekt at det var akkurat 17.mai!

Bilete

Dagen begynte med felles frokost på konferansesenteret for alle som bur på tomta. Alle hadde med litt kvar og det var eit deilig måltid!

Bilete

Festsamlinga starta utanfor senteret med heising av det kenyanske flagget og me song den kenyanske nasjonalsongen. (Den må eg visst øva litt meir på ,- kunne verken tekst eller melodi særleg godt…)
Rafiki-S hadde fått det ærefulle oppdraget å heisa det kenyanske flagget. Bunaden er ein av fleire som låg lagra på skulen, og som ho var heldig å få låna.

Bilete

Det kom ein del nordmenn, og nokre svenskar  og kenyanarar til feiringa av Norges nasjonaldag.

Bilete

Me heiste også det norske flagget og song den norske nasjonalsongen. Eg var kornettsolist for anledningen..

Bilete

Rafikiminsten var kjempestolt av festantrekket sitt.

Bilete

Då flagga var heist, var det festsamling inne på senteret. Ei dame frå ambassaden hadde ein feiande flott tale for dagen, og denne kjekke mannen delte nokre ord og bibelvers. Her avbilda sammen med sin smekre fru 🙂

Bilete

Min gode kollega leda oss trygt og godt gjennom festen. Skulekoret song ein 17.mai-potpurri og Bæ, bæ, lille lam  – 3 stemt!!!! Kjempeflinke! Me fekk høyra dikt av Nordal Grieg,  og tomtekoret song to songar. Fleirstemt det også… Jammen er me flinke 🙂 hihi….

Så var det tid for folketog! Nokre av oss har øvt på spreng dei siste vekene og me klarte å stabla på beina eit prosjektkorps som spelte nokre marsjar. Ingen marsjering på oss, for me hadde meir enn nok med å spela… Me stod plassert 3 stader langs løypa.

Bilete

Her er eit glimt av toget 🙂

Bilete

Så var det tid for tradisjonelle leikar, samt salg av kaker, brus, is, pølser frå Norge med heimebakte lokale pølsebrød og Idunn ketchup!
Det virka som alle kosa seg.

Sekkeløp.

Bilete

Pilkasting.

Bilete

Etter ei trekning på ulike gåvekort frå eit av kjøpesentra i byen, var det offisielle programmet slutt. Dei sprekaste bytta til treningstøy og spelte fotball, mens andre laga i stand grillmat.
Dagen blei avslutta med grilling for tomtefolket ved bassenget.

Bilete

Me var både slitne og takknemlige og glade etter ein fantastisk kjekk dag!