Sommarferie 2013 – del 3

Den siste lange turen vår gjekk til Malindi, ein by nord for Mombasa på kysten! Denne gongen var med 24 stk med smått og stort, og me ville prøva ein ny reisemåte: nemlig tog! Ubeskrivelig tur!!!! Og bilda får ikkje fram alt 😉 Men ny opplevelse, ja det var det!!

IMG_2664 IMG_2666 IMG_2674 IMG_2684 IMG_2691 IMG_2692

Les videre

Sommarferie 2013 – del 2

Neste tur gjekk til nabolandet Tanzania, nærmare bestemt byen Arusha, også denne gongen på tur med gode venner 🙂 Me hadde med oss eit bord som skulle til Scripture Mission der, og sjølvsagt måtte lillegutt testa utsikten frå toppen før me reiste…

IMG_2532

 

God stemning i bilen!

IMG_2545

Les videre

Sommarferie 2013 – del 1

Sommaren 2013  gjekk opphaldet vårt mot slutten, og me kunne sjå tilbake på 2 fantastiske år! Me måtte derfor bruka tid på pakking.. Sidan heimreisa var satt til siste veka i juli, fekk me også tid til å reisa rundt i Øst-Afrika og oppleva nokre fleire ting og stader før me sett kursen heim til Norge for ein lengre periode.

Den første turen gjekk til Bangale sammen med gode venner. Bangale er ein landsby aust for Nairobi der det er ulike prosjekt under oppbygging. Me brukte 4-5 timar på å kjøra dit, og langs veien handla med fersk og god frukt.

IMG_2411

Me såg også fleire dyr langs veien… Og bilar og bussar med ulik last, – i ekte afrikansk stil!

IMG_2433 IMG_2418

Les videre

Leirskule juni 2013

I juni 2013 reiste heile NCS på leirskule til Mombasa 🙂 Det blei ei fantastisk flott veke!

Me budde i eit hytte-kompleks nesten heilt nede på stranda, litt sør for Diani Beach.

Image

I juni er det «vinter» i Kenya, men me var heldige og fekk berre nokre få dagar med regn 😉 Stranda var langgrunn og hadde deilig, mjuk sand og det kom mange bølger inn til der me bada.

Les videre

Livet på tomta

Livet på tomta i Nairobi er fantastisk!!

20130309-155734.jpg

Det er vemodig å tenke på at det går mot slutten av opphaldet vårt her. 2 år går utruleg fort! Me er glade og takknemlige for alt me har fått oppleva og for alle folka me har blitt kjent med 🙂

Me tenkte ei stund på om me skulle søke om å få vera her lenger, men etter bønn, samtaler og tenking har me bestemt oss for å reisa heim i sommar slik kontrakten vår er. Det er godt å ha tatt avgjørelsen, og me gler oss til å komma heim til Norge 🙂 Kanskje vil det bli mulighet for å reisa tilbake om nokre år? Det drømmer me om.

Før me landar på Gardermoen ca 28.juli, skal me altså nyta tida me er her til fulle! Det er godt for oss som familie, og for vårt åndelige liv å vera her! – Sjølv om Afrika og Kenya generelt gir oss nokre utfordringar av og til… Idag blei Uhuru Kenyatta utropt til ny president etter valget sist mandag. Dei har brukt ei veke på å telle stemmer,
12 millioner stemmer! Og mange har vore redd for at valguroa som var ved forrige valg 2007/2008, skulle gjenta seg. Det har vore stille og fredeleg denne gongen, nesten litt for stille nokre gonger.. Motkandidaten Railia Odinga har ikkje godkjent resultatet enno, men manar til ro for sine tilhengarar til han får tatt dette opp i høgsterett. Det er ei stor endring frå sist gong, då begge presidentkandidatene tok saka i eigne hender og mange ikkje stolte på høgsterett.

Det er ikkje lett å forstå korleis kenyarane kan velga ein president og visepresident som er tiltalt i den internasjonale menneskerettighetsdomstolen. Det er likevel tydeleg at dette ikkje er eit valg på kven som kan styra landet best, men eit valg på kven som høyrer til kva stamme. Ikkje heilt slik me ville tenkt kanskje.

Mens dei har telt opp stemmer, har livet gått som nesten normalt her på tomta. Me har hatt skule, møter og aktiviteter som vanleg, men me har vore minst mulig utanfor tomta. For sikkerhets skuld. Igår kveld kom høgdepunktet: NCS-talenter 🙂 TeFT-gruppa (10 ungdommar på 5-mnd-opphald) arrangerte, og me andre deltok! Heile rafiki-familien var med i ulike innslag. Artig 🙂 Rafikiminsten kom på andre plass, og var dermed den flinkare i vår familie:-)

20130309-155548.jpg
(Illustrasjonsfoto)

Høgdepunktet – i alle fall for meg- var A-HA som sang Take on me Live!!!!

20130309-155705.jpg

No gler me oss til besøk i tida framover! Rafikibaba sin storebror kjem med sin nygifte fru om ei vekes tid. Og etter påske kjem foreldra og tante mi i fleire veker! Me gler oss!!!!

Idag har me vore på dugnad ved bassenget. Trestolane er pussa og lakka, og mannfolka bygger ein innretning som skal varma opp vatnet i bassenget litt ved hjelp av sola!
No er det for å nyta bassenglivet littegrann før sola går ned om ca 3 timar!